Leder

Bente Nygård

Bente Nygård

Mine hjertesaker eg barnehageplass til alle som vil ha det. Ein god grunnskule for alle med gode lærarar og ingen mobbing. Ein aktiv næringspolitikk og fokus på betra samferdsle.

Vi vil først og fremst sikre gode kommunale tenester til alle i kommunen. Det betyr nok barnehageplassar, ein fagleg god grunnskule, verdig eldreomsorg, god og aktiv næringspolitikk. Vegar, båtruter og bussruter som gjer til at det kan bu folk over heile kommunen. Vi vil garantere for at dei kommunale arbeidsplassane er sikre arbeidsplassar i framtida også. Kinn Ap skal vere på offensiven overfor stat, fylkeskommune og private firma for å sikre offentlege og private arbeidsplassar som igjen skal gje eit oppsving for Kinn Kommune. Vi er eit parti som vil kjempe for viktige saker for alle i heile kommunen!